torsdag 24. januar 2008

Eit lite referat av kapittel 2 i mediemøter

Teorien om dei allmektige media: trua på at media kan manipulere oss til å tru kva som helst.
Teorien om dei avmektige media: den personlege kommunikasjonen styrer kva vi
meiner.

Sanninga ligg truleg ein stad mellom desse to. Det er tvilsom at media bestemmer så mykje over oss som mange vil tru. Men litt har det nok å seie.

Påverknaden frå media kan delast i 3 faser:
- Kjennskap, media gjer oss kjende med namn på produkt, diverse standpunkt osv.
- Haldningsendring, media kan endre haldningane våre til ulike spørsmål.
- Handling, Media kan endre åtferda vår, slik at vi handlar annleis enn vi ville gjort utan påverknad frå media.

Av desse er kjennskap den enklaste å bli påverka av. Jo oftare vi høyrer om dei, di betre hugsar vi dei.
Ofte kan dette være til god nytte i ulike situasjonar.

Merkevarer er varer som folk flest har kjennskap til, og dei er ofte sterke, noko som vil seie at vi har posotive assosiasjonar til dei.

Haldningar heng saman i haldningsknippe, der somme er viktige, og andre er mindre viktige. Det vil seie at det er likskap mellom haldningane, sjølv om sjå mange er det motstridande haldningar.

Det vanskelegaste å påverke hjå menneska er handlingane. Media kan gjer oss merksame, men gjer vi noko utifrå det att? Slik som å slutte å køyre bil fordi vi veit at det ureinar.